Foto: Kristin Aafløy Opdan

Maria Ose

Maria​ Ose (f. 1998) studerer no sin master på Hochschule für Musik und Theater München under prof. Andrea Lieberkvecht. Lieberknecht er ein av Europas mest ettertrakta fløyteprofessorar, og elevane hennar er overrepresenterte som solo- og alternerande solofløytistar rundt om i heile Europa (http://www.andrea-lieberknecht.de/ehemalige-studenten/). I 2021 var Maria på kontrakt som solofløytist i Trondheim Symfoniorkester, og har sidan vikariert som solofløytist i fleire av dei største orkestra i Noreg, som Kringkastingsorkesteret og Det Norske Kammerorkester. Maria har også bakgrunn frå utøvende studier ved Norges Musikkhøyskole og Barratt Due Unge Talenter.


Som 15-åring debuterte Maria som solist, då ho med si tvillingsøster Ingrid spelte med Kringkastingsorkesteret under Sogn og Fjordane sitt 250-årsjubileum. Maria har seinare også vore solist med Stavanger Symfoniorkester, Kristiansand Symfoniorkester og Arktisk Filharmoni.


Maria er ein dedikert kammermusikar, og er aktuell på festivalar og konsertseriar som Stavanger Kammermusikkfestival (2020), Valdres Sommersymfoni (2019-2021), Arctic Chamber Music Festival (2021) og Aulaseriene (opningskonserten 2020), og har spelt kammermusikk med internasjonalt svært ettertrakta musikarar som Elise Båtnes, Håvard Gimse, Christian Ihle Hadland, Fransisco Lopez og Henning Kraggerud. Sistnemnde har inngått eit musikalsk samarbeid med Maria og Ingrid, der han m.a. har dedisert eit originalkomponert verk til duoen.


Våren 2020 starta Maria og Ingrid opp sin eigen årlege kammermusikkfestival Ose Kammerspel på heimstaden Sandane, og so langt inkluderer festivalen namn som Henning Kraggerud, Christian Ihle Hadland, Håvard Gimse, Andreas Brantelid, Eric Lu og forfattar Jostein Gaarder.


Maria har vunne ei rekke prøvespel, m.a. fleire gongar til talentorkesteret Ung Filharmoni der ho spelte solofløyte saman med Oslo-Filharmonien, og til talentsatsinga til Valdres Sommersymfoni der ho var Papillonmusiker i 2019 og i 2020. Ho har også representert Noreg i Lions European Music Competition, der ho deltok i finalen saman med dei andre førsteprisvinnarane frå 17 europeiske land. Seinast i september blei ho tatt ut til ein av dei største fløytkonkurransane i verda, ARD i Tyskland. Maria har også spelt på meisterklasser med nokre av dei mest anerkjende fløytistane i verda, som Patric Gallois, William Bennett, Philippe Bernold og Denis Bouriakov. Dirigentar ho har spelt med er Vasily Petrenko, Christian Vasquez, Joshua Weilerstein og James Gaffigan.


Maria har mottatt m.a. Drømmestipendet frå Norsk Tipping, Furorestipendet frå Sogn og Fjordane Sparebank og TÆL-stipendet frå Sparebanken Midt-Norge - der ho og Ingrid blei kåra til Årets kulturtalent.