top of page
039-Ose2022-FotografKristinAafløyOpdan.jpg

 

06.03.-08.03.2025

Sandane

 

 

 

 

 

Foto: Kristin Aafløy Opdan

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjøp billettar her!

 

Velkomne til Ose Kammerspel 2024!

Vi ser verkeleg fram til Ose Kammerspel i månadsskiftet februar/mars 2024! Vi feirar 5 års-jubileum, og kan friste med ei strålande artistliste i år:

Amalie Stalheim, cello

Guro Kleven Hagen, fiolin

Henninge Landaas, bratsj

Edvard Erdal, fiolin

Björn Nyman, klarinett

Birgitte Volan Håvik, harpe

Ingrid Ose, fløyte

Maria Ose, fløyte

Nytt av året er ein Middagskonsert i samarbeid med Gloppen Hotell laurdag kveld. Der blir det både mat og musikk av ypperste klasse når hotellets utsøkte 3-retters meny vert akkompagnert av musikarar frå Ose Kammerspel. I tillegg har vi erstatta søndagskonserten med ein konsert torsdag kveld.

Det blir også litt nye klanger på årets festival, då vi beveger oss inn i den franske impresjonismen, der rytme og puls blir meir vagt, og fargepaletten står meir i fokus. Ein kan se for seg dei vakre bileta til t.d. den franske maleren Claude Monet og drøyme seg inn i hans maleriske landskap. Vi har også invitert med oss både harpe og klarinett i tillegg til strykarar i år, så ein får høyre litt andre klangfargar når musikarane framfører musikk av Claude Debussy og Maurice Ravel. Klarinetten får også skinne i klarinettens kanskje viktigaste kammermusikkverk, Johannes Brahms sin Klarinettkvintett. Vi får også høyre eit stykke av ein av dei mest spennande unge nolevande norske komponistane, Anna Berg, så det er mykje å glede seg til.

Billettane får du kjøpt på trivselshagen.no.

Velkomne til festival!

Ingrid og Maria Ose

kunstneriske leiarar

bottom of page