Foto: Kristin Aafløy Opdan

Ingrid Ose

Ingrid​ (f. 1998) kjem frå vakre Vestlandet, nærare bestemt frå Sandane i Vestland fylke. Ho har vokst opp i Gloppen kulturskule der ho starta å spele fløyte som 7-åring med John Rune Ødven som lærar, og har seinare også gått musikklina ved Firda vgs. med same lærar. Då ho var 15 år, kom ho inn på det nasjonale talentprogrammet Barratt Due Unge Talenter i Oslo, og gjekk der samtidig som ho fullførte både ungdomsskulen og vidaregåande skule på Sandane. På Barratt Due hadde ho både professor på NMH og alt. solofløytist i Oslo-Filharmonien Tom Ottar Andreassen og Randi Krogvold Lundqvist som lærarar. I 2017 kom Ingrid inn på utøvande fløyte ved Norges Musikkhøyskole, og fullførte bachelorgraden sin hos Tom Ottar Andreassen og solo piccolofløytist i Oslo-Filharmonien Trond Magne Brekka. I 2022 starta ho på master på National Conservatoire Supérieur de Musique et de Danse de Lyon og har prof. Julien Beaudiment, Emmanuelle Reville og Gilles Cottin som lærarar.


Ingrid har mykje orkestererfaring, og spelar jamnleg med orkester som Operaorkesteret i Oslo, Opera National de Lyon og Oslo-Filharmonien, og har også spelt solo fløyte med Det Norske Kammerorkester under deira Tysklandsturne i 2022. Ho er for tida på prøvetid som alternerande solofløytist i Kristiansand Symfoniorkester. Andre orkester ho har spelt i er m.a. høgskuleorkesteret ved Norges Musikkhøyskole og ved CNSMD de Lyon, høgskuleorkesteret ved Barratt Due og Ung Filharmoni, ei talentsatsingen for unge talent i regi av Crescendo. Dirigentar ho har spelt med er t.d. Vasily Petrenko, Christian Vasquez og Joshua Weilerstein.


Ingrid er ein aktiv kammermusikar, og har spelt saman med store namn som Christian Ihle Hadland, Henning Kraggerud og Ragnhild Hemsing, og også Håvard Gimse, Cam Kjøll og Juliet Joplin under Stavanger Kammermusikkfestival i 2020. Ho har vunne ei rekke prøvespel, m.a. til talentsatsinga til Valdres Sommersymfoni der ho var Papillonmusiker sommaren 2019 og 2020. Ho deltok då som musikar på festivalen samen med Guro Kleven Hagen, Henning Kraggerud og Ragnhild Hemsing. Som 15-åring var Ingrid solist med Kringkastingsorkesteret saman med si tvillingsøster Maria, og dei har begge seinare vore solistar m.a. på Barratt Due sin store julekonsert i Oslo Domkirke og med talentorkestra på Norges Musikkhøyskole og Barratt Due.


Ingrid har også spelt på meisterklasser med nokre av dei største fløytistene i verda, t.d. Andrea Lieberknecht, Emily Beynon og William Bennet.


Både Ingrid og hennar tvillingsøster Maria har i tillegg inngått eit musikalsk samarbeid med fiolinist og komponist Henning Kraggerud, som har arrangert både eigne og andre sine verk for og med dei. Både stykke for fløyteduo, kammermusikk og solistverk, i tillegg til eit originalkomponert verk han har desidert duoen deira. Dette verket vart urframført på Ose-jentene sin eigen kammermusikkfestival, Ose Kammerspel, som gjekk av stabelen for første gong i byrjinga av mars 2020. Festivalen vart gjennomført med stor suksess med Henning Kraggerud, Christian Ihle Hadland, Natalie Clein, Petter Richter og Johanna Ander Ljung som musikarar. Festivalen har seinare vore gjennomført årleg med artistar som Jostein Gaarder, Eric Lu, Andreas Brantelid og Edvard Erdal som gjester.


Ingrid har mottatt fleire stipend, m.a. Drømmestipendet frå Norsk Tipping, Furorestipendet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, TÆL-stipendet frå Sparebanken Midt-Norge der ho og Maria også blei kåra til Årets kulturtalent, og fleire stipend frå Skipsreder Tom Wilhelmsens Stiftelse.