
08.03.2025
Sandane
Foto: Kristin Aafløy Opdan
Velkomne til Ose Kammerspel 2025!
Årets Ose Kammerspel kjem i ei mindre utgåve enn vi skulle ønske. Det er lite penger til fordeling nasjonalt for tida, og det er mange mindre festivalar som lider under dette og som ikkje klarer å halde fram med ønska aktivitet. Festivalen vår er dessverre ein av disse og det blir derfor kun konsert i Trivselshagen LAURDAG 8. MARS kl. 18, samt KULINARISK FESTKONSERT på Gloppen hotell kl. 20.
​
Berre ein konsert i år altså, men for ein konsert det blir! Den strålande pianisten Sveinung Bjelland gjester oss som planlagt, det same gjer også Eivind Kandal og unge, talentfulle Martine Nordvik-Svarstad.
​​
​
Årets artistar er:
​
Sveinung Bjelland, klaver
Eivind Kandal, tenor
Martine Nordvik-Svarstad, song​​
Ingrid Ose, fløyte
Maria Ose, fløyte
​
​​​
​
​Velkomne på festival!
​
Ingrid og Maria Ose
kunstneriske leiarar