Franz Schubert (1797 - 1828)

Schwanengesang


frankågunnar


Frank Havrøy song

Gunnar Flagstad piano



Frankågunnar har gjort stor suksess med si tolking av Schwanengesang, og vi kan love at du aldri har høyrt makan nokon gong! Frankågunnar ville finne ut kva som skjer viss alt er lov når ein tolker Schubert, kva hender viss ein tillet seg å ta i bruk heile den musikalske verktøykassa, inkludert musikalske sjangrer som tango, jazz, cabaret og sjømannssangar - som har kome til lenge etter at Schubert skreiv songane i 1828. Då plata deira kom ut i 2021, lot ikkje begeistringa frå både musikkritikarar og publikum vente på seg! Plata blei kåra til Årets beste album både av Klassekampen, Aftenposten og Morgenbladet, og Aftenposten skreiv m.a. at "Innspillingen dirrer av engasjement og humor, og prosjektet fremstår både presist og gjennomtenkt. Men det er først og fremst morsom lytting, en ganske sjelden kvalitet innenfor romansesjangeren". Musikkbladet Ballade hevda at "det er som om Havrøy og Flagstad har lurt Schubert med seg ned i en østerriksk ølbulene. Det er blitt langt etter stengetid, men de sitter der enda og skråler av full hals". Vi kan sjå fram til ein kveld med eineståande musikarar, humor og fleire overraskingar.

Kjøp billett