Maria og Ingrid Ose

Draumen

Draumen om vår eigen festival. Draumen om den vakraste musikken. Draumen om dei beste musikarane.  Og ein fiolinist i verdsklasse som trudde på oss.


Dette hadde ikkje blitt verkelegheit om ikkje fiolinist og komponist Henning Kraggerud hadde trudd mer på oss enn vi sjølv gjorde. Om ikkje han hadde inspirert oss og motivert oss til å tørre å satse - til å følge draumen vår.  


Den første festivalen vår blei arrangert i mars 2020,  4 dagar før heile Noreg blei stengt som følge av koronaviruset. 3 konsertar med den musikken vi elska høgast, med dei beste musikarane og med det beste publikumet. Vi starta opp som Osetvillingane sitt Musikkeventyr og går vidare som Ose Kammerspel. Det blir mange fleire festivalar i åra som kjem, der musikarane saman med publikum vil skape den ekte, lidenskapelege og varme musikkopplevinga.


Festivalen finn stad i den vakre vestlandsbygda Sandane i Gloppen kommune, ein kommune med rikeleg av både kultur- og naturopplevingar. Den flotte konsertsalen vår i Trivselshagen står i sentrum for festivalen. Du kjem deg lett hit med direktefly frå Oslo, der du landar på Noregs finaste flyplass. Overnatting finn du på historiske Gloppen hotell.

0